Prøv Biblioteksøk

Prøv Biblioteksøk

Aktuelt   

No kan du søke i alle norske bibliotek på ein stad. På Biblioteksøk kan du finne bøker, filmar og musikk, og ved å logge deg inn med Nasjonalt lånekort, kan du bestille til det lokale biblioteket ditt. Du får også tilgang til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Biblioteksøk finn du på bibsok.no
Nasjonalbiblioteket står bak den nye tenesta. Alle folkebiblioteka, dei fleste fagbiblioteka (alle universitet og høgskular) og også bibliotek på mange vidaregåande skular er med i Biblioteksøk.
Når Biblioteksøk skal finne ei bok, vil det først leite i hentebiblioteket du har valt. Har ikkje dette biblioteket boka, vil Biblioteksøk gå til næraste neste bibliotek. Finst boka der, vil boka bli sendt til hentebiblioteket ditt. På den måten vil Biblioteksøk sørge for at bøker som blir bestilte frå andre bibliotek, får kortaste og mest mogleg effektive reiseveg. Finst ikkje boka på hentebiblioteket ditt, kan det gå om lag ei veke før du kan hente boka på biblioteket.
Ta kontakt med det lokale biblioteket eller bibsok@nb.no om du har spørsmål.